Her finn du informasjon om overnatting, transport, mat og drikke, betaling, parkering, internett og anna.

FESTIVALOMRÅDE

Festivalen blir arrangert på stranda i Hegni Friluftsområde, med bjørkeskogen, Hartevatn og fjella rundt som kulissar. Alt skjer ute – og me er på fjellet. Så ta med nok klede. Sjølv om kortbuksa kan gjere nytta på dagtid så er dunjakke og lue godt å ha om kvelden.

Me har ein toalettvogn med 4 toalett + rom med pissoar. I tillegg er det toalett i restaurantbygget utanfor området.

Det er 18-års aldersgrense på Rekordfestivalen.

OVERNATTING

I år er det Hovdestøylen som er vår hovedleverandør av overnatting. Vi anbefaler derfor å sjekke nettsiden deres: visithovden.com, eller ta kontakt på: post@hovdestoylen.com

MATSERVERING

Mer informasjon om årets matservering kommer innom kort.

DRIKKESERVERING

CB, Cider og vin står på barmenyen også denne festival men etter 1 år med bordservering får Martin og temaet endelig tilbake sin tradisjonelle bar. Hva blir navnet på baren i år tro?

BETALING

For å handle i baren må du ha leskelappar (drikkebongar). Dette får du kjøpt  i billettvogna ved inngangen eller i bongbua inne på området. I billetten kan du betale med kort og på området med Vipps. Det er to ulike bongar; ein for drikke med alkohol og ein for drikke utan alkohol.

*Kjøpte bonger refunderes ikke

FESTIVALARMBAND

Ta med utskrift av billetten eller billett på mobilen din. Denne blir skanna i billettvogna, og du får festivalarmband. Vi anbefaler alle å kjøpe billett på forhånd.

KVA KAN DU HA MED?

Sidan det kan vere godt med litt ekstra klede utover kvelden er det lov å ha med sekk/ veske inn på området. Desse vil bli sjekka av vaktane som passar på at du ikkje har med: Alkohol – flasker – paraply – profesjonelt foto-/ videoutstyr – og sjølvsagt ikkje kniv eller anna som kan brukast uvitugt 🙂

MILJØ

Rekordfestivalen går føre seg ute i eit flott område, og me treng hjelp av DEG for å halde det miljøfokuset me legg opp til. Du hjelper oss ved å sortere søppel og boksar i riktige dunkar/ sekkar. Sneipar og snus kan du kaste i merkte bøtter eller i bålpanner langs stranda. I tillegg til grønt fokus håpar me alle stiller med godt humør, så også det sosiale miljøet blømer 🙂

PARKERING

Det er få parkeringsplassar i Hegni under festivalen. Me oppfordrar gjester til å la bilen stå heime, og ta føtene eller sykkelen i bruk. Eventuelt kan ein parkere i parkeringskjellaren i sentrum, og gå derfrå. På Hegni er det viktig å passe på at det er fri framkomst til brannstasjonen.

TRANSPORT

Rutetider finn du her.

Rutetider frå Oslo/ Bergen/ Haugesund til Hovden her.