Frivillig
MÚRT’E
“Ein Múrt’e er ein person som jobbar jamnt og trutt, men ikkje så fryktelig fort.”
Om lag 50 Múrtar (frivillige) er med før, under og etter festivalen – og gjer det til ei flott oppleving for gjestane våre 🙂
VIL DU VERE MED?
Som Múrt’e får du:
- Jobbe saman med ein bra gjeng som har det gøy undervegs
- Gratis festivalpass (må jobbe nok timar)
- Fri ein av kveldane (om du ønskjer det)
- Delta på Múrtehelg med planlegging og hygge før festivalen
- Múrtefest med mat og drikke i løpet av hausten/vinteren
- Halv pris på mat på festivalområdet
Du må vere 18 år for å vere Múrt´e.
Me treng hjelp til…
- Billettsal, bongesal og informasjon
- Rigging og rydding av festivalområdet (onsdag ettermiddag, torsdag ettermiddag, heile fredag og søndag)
- Vakthald / “Hyggjemúrter”
- Barpersonell og rydding
- Nattevaktar
- Rigging av scene/lyd/lys
- Sjåfør
- Plakatopphenging
For å tene inn festivalpass må du jobbe minst:
- 8 timar i løpet av festivalen, eller
- 18 timar før og etter festivalen, eller
- 12 timar før, under og etter festivalen
Mange jobbar meir enn dette, og det set me sjølvsagt pris på 🙂
Me kan dessverre ikkje dekke reise og opphald for tilreisande, men kan hjelpe å skaffe overnatting til greie prisar.