Her finn du informasjon om overnatting, transport, mat og drikke, betaling, parkering, internett og anna.

FESTIVALOMRÅDE

Festivalen blir arrangert på stranda i Hegni Friluftsområde, med bjørkeskogen, Hartevatn og fjella rundt som kulissar. Alt skjer ute – og me er på fjellet. Så ta med nok klede. Sjølv om kortbuksa kan gjere nytta på dagtid så er dunjakke og lue godt å ha om kvelden.

Me har ny toalettvogn med 4 toalett + rom med pissoar. I tillegg er det toalett i kioskbygget utanfor området.

Det er 18-års aldersgrense på Rekordfestivalen.

OVERNATTING

Her er nokre hyggelege prisar på overnatting for festivaldeltakarar:

HOVDEHYTTA

Kontakt Hovdehytta for bestilling, og vis til tilbud Rekordfestivalen.

post@hovdehytta.no / tel 37 93 99 00

HOVDEN HØYFJELLSENTER

Kontakt Hovden Høyfjellsenter for bestilling, og vis til tilbud Rekordfestivalen.

post@hovdenhoyfjellsenter.no / tel 37 93 95 01

MATSERVERING

Alex frå Stomp & Vatn står for matserveringa på Rekordfestivalen. Han har kokkelert fram ein ny og spanande meny som me gler oss til å smake på!

DRIKKESERVERING

Nytt av året er eit samarbeid med DeTvende, eit spanande bryggeri frå Arendal.
I baren serverer me mineralvatn, alkoholfri øl, 0,5 l Arendals Pilsner, 0,4 l diverse DeTvende, 0,5 l Pærecider, 0,5 l Hansa Lite (glutenfri), glas med kvitvin og raudvin og kaffe med og utan Baileys.

BETALING

For å handle i baren må du ha leskelappar (drikkebongar). Dette får du kjøpt i bongebua inne på området, eventuelt i billettvogna ved inngangen. Begge plassar kan du betale med kort eller kontant. Det er to ulike bongar; ein for drikke med alkohol (kr 80), og ein for drikke utan alkohol (kr 40).

Nytt av 2018 er at du kan bestille bongar når du kauper billett. Så får du dei når du hentar armbandet.

Om du har att bongar når festivalen er slutt kan du få desse refundert i billettvogna søndag kl. 12 – 14. Bongar må vere heile/ uskada.

FESTIVALARMBAND

Ta med utskrift av billetten eller billett på mobilen din. Denne blir skanna i billettvogna, og du får festivalarmband. Om du ikkje har kjøpt billett på førehand får du festivalarmband når du kjøper billett (billettane er då dyrare enn om du har kjøpt på førehand).

KVA KAN DU HA MED?

Sidan det kan vere godt med litt ekstra klede utover kvelden er det lov å ha med sekk/ veske inn på området. Desse vil bli sjekka av vaktane som passar på at du ikkje har med: Alkohol – flasker – paraply – profesjonelt foto-/ videoutstyr – og sjølvsagt ikkje kniv eller anna som kan brukast uvitugt 🙂

MILJØ

Rekordfestivalen går føre seg ute i eit flott område, og me treng hjelp av DEG for å halde det miljøfokuset me legg opp til. Du hjelper oss ved å sortere søppel og boksar i riktige dunkar/ sekkar. Sneipar og snus kan du kaste i merkte bøtter eller i bålpanner langs stranda. I tillegg til grønt fokus håpar me alle stiller med godt humør, så også det sosiale miljøet blømer 🙂

PARKERING

Det er få parkeringsplassar i Hegni under festivalen. Me oppfordrar gjester til å la bilen stå heime, og ta føtene eller sykkelen i bruk. Eventuelt kan ein parkere i parkeringskjellaren i sentrum, og gå derfrå. På Hegni er det viktig å passe på at det er fri framkomst til brannstasjonen.

TRANSPORT

Rutetider finn du her.

Rutetider frå Oslo/ Bergen/ Haugesund til Hovden her.