Alle aktivitetar er inkludert i festivalpass

Fjelltur til Hartevassnutane – med musikalsk overrasking!

Laurdag kl. 12.00. Oppmøte ved billettvogna.
Me går samla frå festivalområdet opp til Hartevassnutane. Det er god stigning opp, og til tider litt ulendt. Men me tar det rolig så alle kan vere med 🙂 Frå toppen er det flott utsikt over Hovden og innover Austheiane! Møt opp med gode sko, klede etter veret samt drikke og litt mat. Me er nede att seinast kl. 14.30.

OPPDATERING: Me har ein plan B med ein kortare tur dersom vêrgudane byr på sin vrede.

Andeløp i Otra

Laurdag kl. 13.30. Oppmøte ved billettvogna. Her kan også born vere med. Alle deltakarar kjøper ei badeand i billettbua. Endene blir samla kasta ut i elva nord for Støylsbrua, og me følgjer med frå land nedover (utan å røre endene…). Kven kjem først til mållina ved Hartevatn? Det blir premieutdeling rett etter løpet.

Begeistringstimen

Laurdag kl. 17.30 – 18.30. Kom og la oss begeistre deg 🙂 Nydeleg mat til hyggelege prisar, drikke som skapt for å delast, ballongar og såpebobler, overraskingar og ein klem om du vil ha 🙂

Elles blir det moglegheiter for “sjølvaktivisering” med forskjellige aktivitetar på festivalområdet. I opningstida på The Village kan ein leige båt eller kano.

Eller ein kan sikre seg plass i ein sofa, på stranda eller i ei hengekøye og berre nyte stemninga 🙂