|
|
Rekordfestivalen på Hovden 13. - 14. august 2010
Rekordfestivalen på Hovden er ein festival med fokus på gøye konkurransar og aktivitetar, god musikk, god mat og bra stemning!
Festivalen blir arrangert med base i Hegni Friluftsområde. Her set vi opp ei utandørs scene med stranda, Hartevatn, heia og bjørkeskogen som kulisser.
På dagtid kan du få med deg aktivitetar og rekordforsøk i Rævaristeren (terrengsykkelløp), Slalåmstøvelboccia ute i terrenget, Andeløp i Otra, Treklamring, Hartevatnstafett over bukta og mykje anna gøy!
Om kvelden senker den trolske stemninga seg over festivalområdet, og god musikk og glade menneske pregar kvelden. Det blir matservering på festivalområdet, og vi kan freiste med mellom anna viltburger, laks med lefse og snøfrisk, grava hjort, kyllingciabatta, lammepølser og mykje anna godt!
Vi er stolte over å kunne presentere desse banda i 2010:
Grand Island (Oslo), Karma Parking (Irland), TBA (Hovden, Bykle, Kristiansand og rundtomkring..), Fjellfolk (Hovden, Hoslemo og Stavanger).


|