RAABYGG

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt.

 

Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein vakker brureslått acapella.

 

Sjølv om kontrastane er store, ligg det heile tida ein raud tråd i historiene bak. For sjølv om damene i Raabygg byrja å spele saman på Majorstua i Oslo då alle gjekk på Musikkhøgskulen der, reiste dei ofte ut for å treffe dei gamle Agder-heltane. Gjennom fleire turar sørover har Raabygg lært nokre av dei beste slåttane, og ikkje minst fått høyre dei artigaste historiene. Det er desse dei plukkar fram når dei står på konsertscena.

 

I oktober 2016 gav gruppa ut debutalbumet sitt. Det er spelt inn i Kongshavn studio i Kristiansand og er produsert av Annbjørg Lien.

 

Johanne Flottorp – Hardingfele, vokal
Tuva Færden – Hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – Harpeleik, vokal, munnharpe

 

Me gler oss til dei står på scena på Rekordfestivalen fredag 18. august!

Sjekk ut Raabygg på iTunes, Tidal eller Spotify.